CT og MRI 3T undersøking i London. Tilbod til deg

DENNE INFORMASJONEN OM CT OG MRI 3T UNDERSØKELSANE I LONDON FÅR DU ETTER AT VI HAR UNDERSØKT DEG GRUNDIG, OG VI MEINER AT DU VIL HA GOD NYTTE AV EIN SLIK CT OG MRI 3.0T UNDERSØKING.

Sjå kvalitet på CT og MRI bilder i fagstoffartiklane "Del 4 – Computer tomografi (CT)" og "Del 5 – MRI 3T – T2 vekta sekvensar, STIR sekvensar".

Ingen kan reise direkte til London for desse undersøkingane. Kvifor? Det ser du i teksten under.

Informasjon om CT og MRI undersøking i London

De har vore igjennom ein grundig klinisk test (r) ved Firda fys med senter. Vår konklusjon at på eit skadegrunnlag har du klare avvik i ledd- og bløtdelsfunksjon i nakken din – som er ei klar medverkande kjelde til dine symptom til nakke og hovud. Jfr. din utredningsrapport.

Det er viktig med så presis diagnostikk som mulig – for dokumentasjon av skade og som eit viktig grunnlag for så målretta rehabilitering som mulig. Spesielt viktig er det når symptom og plager er blitt kroniske – og det er vanskeleg å finne ein vidare effektiv vei innan rehabilitering – ei rehabilitering som har som mål å deg mindre omfang av symptom med betre dagleg funksjonsevne.

Ei tett og nær kobling mellom effektiv klinikk for diagnostikk og rehabilitering i fht nyttig funksjonell radiologi er viktig. I denne samanheng er du blitt vurdert og informert om funksjonell CT og MRI i London. Pr. dato blir ikkje denne spesialiserte CT og MRI undersøkinga utført i Norge.

STRÅLING: Ved CT undersøking blir du utsett for ionisk stråling. Ionisk stråling er kreftframkallande ved større doser. Det vi har gjort i London er at kvar enkelt pasient er vurdert på eit svært strengt grunnlag – om akkorat du vil ha NYTTE av ei slik undersøking. Det er ei svært streng siling før du blir anbefalt ein slik undersøking. Det skal vere eit ubestridt grunnlag for at vi med stor sikkerheit kan seie at denne undersøkelsen vil vere til nytte for deg i framtidig diagnostikk og rehabilitering. Vårt kliniske forarbeid består m.a. å finne dei absolutt beste posisjoner for CT undersøkelsen – slik at kun eit fåtalls posisjoner blir nytta – på denne måten får vi dobbel effekt – STØRRE treffprosent ved CT undersøkelsen og vi reduserer den ioniske strålinga til eit minimum – dvs. for ein total CT undersøkelse for deg – 2,6 mS (milliSivert). Sidan stråledosen er såpass lav – vil det bety lite i summasjon i fht tidlegare CT u.s.

MRI 3T:

Med bakgrunn i klinikk og CT undersøking – gjennomfører ein så ein MRI undersøking. CT og MRI undersøkinga utfyller kvarandre. MRI viser strukturer/ vev – og eventuelle forandringer og skader på desse. Vi nytter MRI – liggande, 3T, med tilpassa hovudcoil(hjelm som nakke og hovud ligg i). Denne er akkorat så rommeleg at ein kan plassere nakken/ hovudet slik vi vil, oppstøtta av små puter. Vår erfaring er at denne undersøkelsen gir skarpe og detaljerte bilder av C0-3 region (område av nakken i dette tilfellet).

Underteikna blir med til London. Vi har arbeidd med denne CT metoden no i 5 år og MRI metoden i 3 år. Vi er svært nøgde med resultata. Eg legg deg til rette på CT brettet og MRI brettet– og føl deg gjennom undersøkelsen. Vi ser det likevel som nyttig informasjon at du må klare deg sjølv med reise tur/ retur, hotell – reise til og frå hotellet m.m. Då er det nyttig og kjekt å ha med seg følgje i storbyen.

Blir du dårleg av undersøkelsen: Vår erfaring er at du kan få ein viss auke av dine symptom til nakke og hovud inntil 1-2 dager. Du får ingen ny eller forsterka skade. For dei som bruker smertestillande medisiner kan det vere lurt at du medisinerer deg dagen i forveien, undersøkelsesdag og evt. nokre dager i etterkant ved behov. Sjølve undersøkelsen er smerte- og symptomfri – Du ligg likevel i 2-3 minuttar i 4 posisjoner (CT) – som kan provosere litt av dine kjende symptom. I MRI ligg du i 6-8 posisjoner på 2-4 minutt.

Denne informasjonen blir sendt deg pr. mail eller i brevs form. VIS GJERNE BREVET TIL DIN FASTLEGE.

Plan:

Eg bestiller CT og MRI time til deg. Etter undersøkelsen på Sandane lagar eg til plan for kva posisjoner vi skal legge nakken din i. Desse posisjonane varierer frå pasient til pasient. Dette er eit svært viktig forarbeid.

De bestiller sjølv reise og opphald.

Dersom de kjem til Heathrow flyplass – ta the Heathrow Express til Paddington stasjon. Eg bruker hotels.com for mine hotelreservasjoner. De som reiser frå Bergen kjem til Gatwick i London, med tilsvarande tog til Victoria stasjonen.

Pris for den totale undersøking:

CT og MRI i London der du betaler med kort - kvar undersøking: ca. 10 000 NOK. Dvs = 20 000kr.

CT:

Eg bruker ca. 8 timer med arbeid for kvar pasient (før-under og etter u.s.) – 1250 kr x 8 = kr 10.000. Dette blir fakturert i etterkant når eg sender ut rapporten.

Eg tek med 3-4 pasientar kvar gang. Du må dekke deler av mine reisekostnadar –

For deg: Kr. 4000.

Undersøkelsen blir gjennomført på fredagar. Dagen etter arbeider Tony McArthur og eg ca. 1,5 klokketime med resultata frå kvar pasient. Eg betaler ut Tony for dette. 1700 kr pr pasient. Fakturerer deg for dette i etterkant.

MRI:

Eg bruker ca. 10 timer med arbeid for kvar pasient (før-under og etter u.s.) – 1250 kr x 10 = 12 500. Dette blir fakturert i etterkant når eg sender ut rapporten.

Kaale sitt arbeid: PRIS begge u.s.: 22 500 kr.

Totale utgifter for deg:
CT og MRI u.s. til to sentre i London 20 000 kr
Kaale sitt arbeid 22 500 kr
Dekke Kaale si reise 4 000 kr
Tony McArthur CT arbeid laurdag 1 700 kr
Totalt 48 200 kr

Dette er ei svært kostbar undersøking! Alle som skal til London må vurderast nøye på førehand – nytteverdi i fht diagnostikk og rehabilitering.

Aktuelt

Brukarundersøking

Spørsmål: "Korleis vurderer du behandlinga du har fått ved FFMS med den behandlinga du fekk før du kom til FFMS?"


Les heile brukarundersøkinga her (PDF).