Diagnostikk og rehabilitering ved Firda fysmed

Korleis går eg fram dersom eg vil til Firda fys med senter for undersøking og eventuell rehabilitering?

  1. Vi treng eit skriv frå fastlegen din/ legespesialist/ manuellterapeut med dei viktigaste medisinske opplysningar.
  2. Send dette i posten til oss til:

    Firda fys med senter

    Pb 194, 6821 Sandane.

    Legen kan også sende det via Norsk Helsenett til oss.

  3. Ring Magnhild eller Beate i vår resepsjon – 578 66422 – for time til undersøking.
  4. Vi har svært mange som ringer og vil rett på rehabilitering. Etter at vi kom godt i gang med regenerativ behandling (slutten av 2016) – er pågangen for rehabilitering formidabel. Svært gode rehabiliteringsresultat har gitt oss ein formidabel pågang av pasientar. Viktig melding til deg som pasient: Vi må alltid ha ein omfattande undersøking først – før igangsetting av vår rehabilitering. Denne undersøkinga dannar grunnlaget for vidare oppfølging !
  5. Du blir så sett opp til time hos oss, enten med Arne Nesgård eller Morten Leirgul. Skrifteleg rapport vil foreligge innan 4 veker.
  6. Ved vår undersøking vil du få grundig klinisk gjennomgang, vi vurderer dine tidlegare radiologiske bilder – på CD ROM, vi testar deg i Multi Cervical Unit, vi tek ultralyd av nakken din dersom vi ser det nødvendig.
  7. Vi opnar no opp for at fleire skal få nytte seg av dei godt gjennomtesta funksjonelle CT og MRI 3.0T undersøkelsane i London. Til no har det i dei 5 åra vi har vore der gjennomført ei svært streng siling for dei som har reist over der. Grunnen for at vi reiser over dit er at desse undersøkingane ikkje er mulige å få gjennomført i Norge. Dette er ein høg-kvalitetsundersøking som er svært nyttig i det vidare rehabiliteringsarbeidet. For sikkerheits skuld – Dette er IKKJE upright MRI. Sjå eiga side om dette: CT/MRI 3T i London.
  8. Undersøking ved FFMS: Så snart du har resultatet og eventuelt har bestemt deg for å nytte deg av vårt rehabiliteringstilbod – ta raskt kontakt – pr no er det 6 månadars ventetid for å kome i gang.
  9. Bakgrunn for dei gode resultata i nakkerehabilitering er lang erfaring, god teoretisk kunnskap, grundig undersøking, topp utstyr – treningsutstyr i sal, Multi Cervical Unit, fokusert trykkbølge (Piezowave2), laser klasse 4, svært god ultralyd, kortbølge m.m. Vi har med god forståing av ditt skadekompleks/ plager sett saman desse ulike behandlingsmetodane for å sikre deg best mulig resultat.
  10. Ja, det er riktig at dei som kjem raskt til etter ein skade – får raskare og betre resultat av rehabiliteringa. Men vi har også mange års erfaring med rehabilitering av personer som har vore skada i mange år. Det er da ofte meir komplisert og det tek lengre tid – men det er absolutt mulig.

Så for deg som er nakkepasient – vi har eit godt diagnostisk- og rehabiliterings tilbod til deg. Ta kontakt.

Aktuelt

Brukarundersøking

Spørsmål: "Korleis vurderer du behandlinga du har fått ved FFMS med den behandlinga du fekk før du kom til FFMS?"


Les heile brukarundersøkinga her (PDF).