Fagstoff 2018: Del 10: Framskritt i funksjonell ultralyd diagnostikk cervical columna
Tilfelle: Alvorleg sideslengstraume nakke.
Arne Nesgård og Morten Leirgul ved Firda fys med senter har gjort eit stort framsteg i ultralyd diagnostikk for å kunne diagnostisere instabilitet atlanto-axial ledd (øvre nakkeregion) – sidebøy/ gapping. Dette leddet skal vere stabilt ved sidebøy/ gapping. Klinisk sett har vi testa aktuell instabilitet i lengre tid – men det har vore vanskeleg å framstille instabiliteten ved hjelp av ultralyd/ radiologi.

Anatomisk bilde er frå Essential Anatomy 5.
Vi ser her sidebilde, overgang skalle-C1-2-3. Piler peiker mot leddet atlanto-axial fasettledd.

Her ser vi kun atlanto-axial leddet – med leddkapsel. Det er dette leddet som på ultralyd videofil viser gapping. Ein slik gapping skal ikkje vere tilstades. Leddet skal vere stabilt pga leddkapsel/ kapsulære leddband. Piler viser gapping retning.

På høgre side (normal side) atlanto axial fasettledd ser vi at leddet er stabilt, uten auke i leddspalta. SCM – m. Sterno cleido mast. SC – m. Splenius Cap. LC – m. Long. Cap. OCI – m. Obli.Cap.inf.

Firda fys med senter takker Morten Leirgul og Arne Nesgård – dyktige klinikarar som nytter ultralyd i funksjonell cervical diagnostikk. PRESIS diagnostikk er avgjerande for eit godt utgangspunkt for rehabilitering.
Aktuelt
Vevsbygging og regenerativ medisin – eit reisebrev frå Roma
Brukarundersøking
Spørsmål: "Korleis vurderer du behandlinga du har fått ved FFMS med den behandlinga du fekk før du kom til FFMS?"
Du finn oss óg på Facebook!