Fagstoff 2018: Rehabilitering, del 3.

Behandling- og rehabiliteringstiltak ved Firda fys med senter.

Fortsetting: Aktuelle pasient frå del 2:

Funn: Ved forauka passiv sidebøy hø.s. C0-1 til ve.s. er der sansynleg vevsskade (leddkapsel og leddnære leddband) for dette leddet. I tillegg tester vi bortimot full luksasjon atlas hø.side på axis flate i rotasjon mot ve. side. Dvs at hø. atlas leddflate har ufysiologisk stor rotasjon, med bortimot ingen leddkontakt mot underliggande hø. side axis leddflate.

Det første eg tenker er at perifer nerve C1 som kjem ut mellom C0-1, og nerve C2 som kjem ut mellom C1-2 må bli utsett for store mekaniske stresskrefter. Har det opphavelege traumet for 6 år sidan i tillegg til lokal vevsskade leddband/ kapsler/ membraner C0-1-2-3 – også laga vevsskader til nervestrukturer i aktuelle område? Det er eit viktig nevrologisk spørsmål.

Anatomiske strukturar under: ESSENTIAL ANATOMY 5.


Her ser vi leddet C0-1 hø.s. (x-x). Engelsk tekst i ruta viser utheva nerve – som nerveforsyner kort muskulatur. Desse musklane er vi heilt avhengige i trening i nakkemaskina (Multi Cervical Unit). Spørsmål: Kor lett er det å trene kort stabiliserande muskulatur C0-1-2 – dersom nerveforsyninga er skada? Dette er eit viktig nevrologisk spørsmål!


Vi er fortsatt i leddområde C0-1-2 – hø.side. Eg har igjen utheva deler av C1 nerven –

Nerven ligg utsatt til i bakre del av atlas leddmassiv. Sjå piler. Dersom atlas massivet roterer for langt – og til stadigheit lugger i nerven – kan det vere ei kjelde til lokal nervesensitisering? Blir nerven rett og slett lokalt overfølsom, avdi vi ikkje klarer å stablisere rotasjon C1-2?


Eg har påny utheva ei nervegrein – dette er ein hjernenerve som har kommunikasjonsnerve til omtalte C1 nerve. Dvs at dysfunksjonsimpulser frå ein potensielt skada C1 nerve kan spreie seg i ein hjernenerves forløp. I dette tilfelle hjernenerve 12. Kan irritasjon/ skade her vere årsak til ditt tunge-ubehag? Dette er igjen eit viktig nevrologisk spørsmål.


Her kjem eit svært viktig bilde: Eg har forstørra opp den ytterste leddelen av leddmassivet C1 hø.side – massa lateralis – sjå to X’r. Rundt massa lateralis – som altså i dette pasienteksempelet beveger seg for lang forover og bakover (sjå piler) når pasienten roterer til hø. og ve. side – gir ved rotasjonsinstabilitet potensielt for stort drag i denne hjernenerven. Les i engelsk tekst i ruta over og sjå kva plager denne nerven kan gje dersom den blir utsett for feilbelastning (sjå dobbelpil).

Vi fortsett med vår oppfølging av deg – og er komne til dei sirkulatoriske testane. Der går mange vener og arterier gjennom hals og nakke. Der er mange svært viktige sirkulatoriske forhold vi må passe på. Her kjem nokre få eksempel:

Ved ufysiologisk stor rotasjon av atlas på axis – korleis takler nakken og årenettet ditt det? Ved rotasjon mot di ve. side ser vi større venefylning/ stase på hø.side enn tilsvarande test mot hø. side – sjekk av ve. sides vener.

Ved palpasjon arteria carotis externa – over delingspunkt C3-4 – kjenner vi meir pumpande pulsering hø. side ved rotasjon mot ve. side – enn tilsvarande motsett sides test. Betyr det noko? Ved for stor rotasjon av nakken (rotasjonsinstabilitet C1-2) – vil det kunne gje arteriell/ venøs avklemming? Der er jo så mange årer som går til hovudet – at der alltid vil vere opne årer som tilfredsstiller tilstrekkeleg flow. Ja det er sikkert riktig – men kva med trykkforandringer i karra – ikkje pga fysisk belastning men pga potensielle avklemminger? Ord som turbulens, embolier, stase med fleire – kan vi her ha potensiele årsaker til intimaskader, infarkter m.m.? Dette er viktige spørsmål som indremedisineren/ nevrologen må svare på.


Her ser vi arterie og vene vertebralis, hø.s. – der dei kjem gjennom holet (formen) i atlas.

Dei har slynge-form for å vere best rusta mot rotasjon – stor rørsle av atlas på axis. Sjå piler.

Men med for stor sidebøy C0-1 motsett vei – i dette tilfelle mot ve.side – i kombinasjon med for stor rotasjon mot hø.s. – der atlasmassivet vil presse årane bakover – er vi då like sikre på at årenettet har tilstrekeleg slakk til å takle denne overbevegligheita?

Pil oppover – sidebøy skalle mot ve.s.

Lang pil som peiker bakover – indikerer rotasjon C1-2.


Vi går eit steg lenger i overliggande evaluering av din tilstand: La oss sjå nærare på vena vertebralis. Like over foramen avgår condylar emissary vena. Den går inn/ ut av skallen i ein eigen foramen. Igjen ser vi på sidebøy skalle-C1 og rotasjon c1-2. Sjå to lange piler.

Vi tek med oss desse tankane til neste bilde under:


Her ser vi nærare på avgangen vena condylar emissary mot vertebral vena.

Har vi eit friksjonspunkt rundt denne overgangen? Ta med deg denne tanken til dei komande bilda.


Då er vi komne litt lenger – der vi ser kommunikasjon mellom vena vertebralis og den djupe cervicale vena. Når eg tester oppsvulming (hø. side) i ei halsvene på deg når du roterer nakken/ hovudet til ve. side – er det i dette området vi er – eller er vi ennå litt lenger nedover i forløpet?

Betyr det noko at ei halsvene svulmer opp ved nakkerotasjon? Sjølv om ei halsvene kan registrerast oppsvulma ved palpasjon – veit vi då lokalisasjon for venekonstriksjon – eller gjer vi det ikkje?

No har eg brukt ein liten del av eit venekompleks som eksempel. Vi har tilsvarande for det arterielle årenett – i samme region. Men la oss legge litt muskler på vener, arterier og nerver.


Her ser vi m. Splenius Capitis – ein muskel med fester mot samme omåde mot caput – like før nevnte arterier og vener. Arteria går under muskel – vena utapå.


Vi legg på m. SCM: Her ser vi ny arterie under muskel (art. occipitalis), vene utanpå (vena occipitalis).


Tek vi så eit samlebilde:

X - atlas – som roterer for langt på axis.

Ein lang ytre muskel – her representert ved semispinalis capitis.

Arterier og vener ved atlas ledd. Piler representerer her eksempel.

Viktige stabiliserande muskler for – fleire små grønne kryss – x.

Aktuelt

Brukarundersøking

Spørsmål: "Korleis vurderer du behandlinga du har fått ved FFMS med den behandlinga du fekk før du kom til FFMS?"


Les heile brukarundersøkinga her (PDF).