Fagstoff 2018: Vevsbygging og regenerativ medisin – eit reisebrev frå Roma

Den 11. internasjonale kongressen innan Tissue Engineering & Regenerative Medicine er nett avslutta i Roma. Firda fysmed senter med sine tilsette har på ny søkt ut etter meir kunnskap innan dette feltet. Innan arbeidet med diagnostikk og rehabilitering er det eit paradigmeskifte på gang! Vi ser klare endringar internasjonalt mht krav om meir presise diagnostiske spørsmål og metodar, betydeleg strengare krav til ulike rehabiliteringstiltak og kontroll av effekt av tiltaka. Det blir no stilt kritiske spørsmål til bruk av tidlegare vitskaplege manuelle test- og behandlingsteknikkar og bruk av ulike typar medisin, som ikkje lenger er like tilpassa nye dokumenterte skader med funksjonsendringar i nakken.

Firda fysmed senter er heldige og dyktige som har fått vore ein liten del av denne utviklinga frå 2012 og fram til i dag, Roma 2018. Vi ved Firda fysmed senter er ein liten, men svært entusiastisk gjeng som i mange år har arbeidd målretta med ulike metodar innan diagnostikk og rehabilitering av nakkeskader. Vi har gjennomført små og store faglege løft og investeringar, trass manglande finansiell støtte. Eit glødande engasjement og stor arbeidsvilje har vore grunnbjelken i vårt faglege arbeid. Vi har i vårt arbeid balansert mellom lokalt og nasjonalt fagsamarbeid med det å vere skikkeleg nyfiken på ny forsking og deltaking ved utanlandske kongressar og vitskaplege miljø. Denne gangen er vi altså i Roma og sug til oss det nyaste av det nye.

Kvar står så Firda fysmed senter i dag? Det er svært viktig å få presis diagnostikk av ledd- og bløtdelsfunksjon og –struktur før tiltaka blir sett inn. Morfologi – vevslære – er her eit viktig omgrep. Grundige kliniske testteknikkar, ultralyd av vevsstrukturar, posisjonell CT og posisjonell MRI 3T er veier å gå i dette arbeidet.

I eit skada vevsområde er det ofte registrert lav vevssirkulasjon og skada nerver – som gir mangelfull ernæring og nerveimpulsaktivitet. Cellene sender ut stresstoff i vevet for å signalisere fare/skade. Skada celler dør. Redusert blodforsyning og nedsatt nerveimpulsaktivitet gjer at nyveksten av celler går heller dårleg. I denne litt dårlege vekstfasen, danner kroppen bindevevsfibrose som reparasjonsvev. Bindevevsfibrose er arrvev. Dette nye vevet som kjem til har nye biomekaniske funksjoner og reagerer annaleis på impulsar enn det tidlegare uskada vevet.

Her vil eg referere til Dr. Kiwimagi frå Massachusetts Institute of Technology, USA. Ho føreleste om morfogen. Eit morfogen er eit stoff som angir kvar i vevet ulike celletyper skal vere. Dei spreiar seg frå eit spesielt punkt i vevet og det dannast ein gradient av stoffet. Stoffet har ulik påverknad på cellene i vevet avhengig av konsentrasjonen. Dette er biokjemisk ny basiskunnskap som vi prøver å innpasse i vårt diagnostiske bilde. Vidare fortel ho om vekstfaktorar, som er eit naturleg førekomande protein som stimulerer til cellevekst- og celledifferensiering. Dei opptrer typisk som signalmolekyl mellom cellene, for eksempel cytokiner og hormon.

Denne kunnskapen var nyttig å ta med seg over i neste forelesing om korleis ein betre skal få cellene til å kommunisere med kvarandre. Skal vi få til målretta vevsvekst – må vi stimulere til re-konstruksjon av nye celler i det skada området. Då må cellene «snakke» betre med kvarandre. Det verkeleg store spørsmålet i verda i dag er då: Skal vi stimulere dei lokale cellene i det skada området til ny-vekst eller skal vi tilføre stamceller? Erfaringane med stamceller så langt ved nakkeskader er delte. Ein ser ved stamcellemetoden ein for stor celledød pga nedsatt sirkulasjon. Ny-celleområdet har dessutan ein tendens til bindevevsfibrosering. Så sjølv om Dr. Yudinceva ved the Russian Academy of Sciences, St. Petersburg forskar på andre vevskader i andre kroppsområder, har hennar team absolutt informasjon vi vil ta med oss vidare i vårt arbeid.

Spansketrappa, Scalinata di Spagna.
Etter ein lang dags forelesning, fann vi oss ein plass i trappa. Tid til ettertanke.

Dr. Lamprou, Queen’s University, Belfast, UK, er ein fagleg dyktig og humoristisk grekar som har budd 18 år i Storbritanina. Han føreleste om nanostrukturar og 3D modellering av nye vevstrukturar. Sjølv om dette ligg litt fram i tid før det kjem over i klinisk dagleg praksis, er det utruleg spennande å høyre om elektrospinning av nanostrukturar for vevsvekst/ implantat. Forløbig er komplikasjonane for store i fht kroniske infeksjonar, initiering av nytt smertevev rundt implantatet, samt vevsrupturer i det nye vevet. Men for oss ved Firda fysmed senter er det viktig å vere orientert og godt opplyste på kva som skjer innan dette feltet, slik at vi kan tilby oppdatert diagnostikk og rehabilitering av nakkeskader.

Dr. Suzuki frå Kitano Hospital, Japan vart forhindra til å stille på konferansen. Men hans arbeid er viden kjent og skulle vore framlagt på konferansen her i Roma. Ved vevsskader i nakken, kjenner ein til at det oppstår nerveskader. Med svekka eller totalt manglande nerveimpulsoverføring, slepp lite signal ut og inn frå aktuelle vevsskadeområde. Då er det vanskeleg å få til effektiv vevsregenerasjon. Dr. Suzuki har arbeid med stimulering av nerver til nyvekst. Der perifere nerver ikkje har klart å få til ende- til ende nyvekst ved anastomosering, har ein på eksperimental basis prøvd å stimulere nervane til ny regenerasjon. Dette viktige arbeidet til forskingsgruppa i Japan, vil vi følgje nøye med framover.

Her var det ein klar parallell til Johannesburg. Nerveskader etter traumer med vevsskader er ofte ei stor utfordring. Dersom signalveien er øydelagt, er det vanskeleg å få informasjon frå sentralnervesystemet ut og tilbake frå dei skadde vevsorgana. Dr. Sajan frå Universitetet i Johannesburg har nytta laser for mulig å endre på dette. Laser kan endre cellene si evne til regenerasjon, og dermed fremme betre perifer nervecellevekst.

Dr. Coates frå The University of Western Australia har ilag med sitt forskarteam lukkast med å regenerere skadde trommehinner. Trommehinnene består av tre vevslag. Dei har lukkast med regenerasjon av alle tre vevslaga i trommehinna. Det lover godt for vidareføring av aktuell teknologi og viten for oss som arbeider meir mot membran- og leddbandskader i nakken etter traume.

Trevi-fontena, med skulptur av Nicola Salvi på Piazza di Trevi.
Ein mynt i vatnet saman med eit ynskje frå mitt indre. Ein fin måte å avslutte dag to på.

Dr. Jin Kang frå Seoul National University, Sør Korea har sett på bruk av hyaluronsyre-injeksjonar i arbeidet med å dempe kroniske inflammasjonar. Kroniske inflammasjonar og svekka neo-vaskularisering er kritiske faktorar i arbeidet med vevsregenerasjon. Dette er spesielt interessant for oss ved Firda fysmed senter, etter tidlegare gjennomførte injeksjonsurs ved Universitetet i Bergen.

Dette var ei lita helsing frå Roma. Vi ved Firda fysmed senter synes det er fantastisk moro og interessant å arbeide med desse viktige spørsmåla. Det at vesle Firda fysmed senter frå Sandane får muligheita til å vere ein del av dette, er stort. Så får framtida vise om vår kunnskap skal vekse vidare der vi er no, eller om vekstforholda er betre andre stadar.

Aktuelt

Brukarundersøking

Spørsmål: "Korleis vurderer du behandlinga du har fått ved FFMS med den behandlinga du fekk før du kom til FFMS?"


Les heile brukarundersøkinga her (PDF).