Fagstoff 2018: Del 6: Kontrollmateriale

Når ein skal vurdere kvalitet og funksjon av ligament og leddkapslar i overgang nakke/ hovud støyter ein raskt på ei utfordring. Har det nokon hensikt å vurdere kvalitet og funksjon av passive stabilisatorar i nakken din? For kva er normalt? Kva skal vi bruke som normalt samanlikningsgrunnlag enten ein testar ein struktur klinisk – passivt eller aktivt, eller vurderer strukturen via MRI?

Det første ein må spørje seg er om nakke/ hvirvelfunksjon og vevsstruktur er samanliknbare variablar?

No kan vi ikkje teste dine leddband histologisk in vivo – vurdere korleis dei ser ut i dag. Det beste vi kan få til er å visualisere dei via MRI – 3,0T. Når vi gjennomfører ein MRI undersøkelse – så må vi på førehand ha bestemt kva strukturer vi vil visualisere – i kva slag plan, med tilpassa sekvensar – slik at metoden er best mulig tilpassa det vi søker etter. Så presise svar er avhengig av presise spørsmål og riktig bruk av MRI sekvensar. Den strukturen vi vil ta bilder av må leggast best mulig til rette – slik at den ikkje ligg avspent, i bukter som kan kamuflere skader eller andre biomekaniske forhold som svekker muligheitene for eit målretta MRI svar. Kva svar vi får på ein målretta og spesifikk MRI undersøkelse er til nytte for dei som spesifikt går inn med rehabilitering, stimulerer regenerasjon og remodelering av ligament, leddkapsler, muskler m.m. for å betre din nakkefunksjon.

Er vi interessert i å vite om ditt aktuelle leddband er delvis rumpert (avrive)? Betyr det noko å vite om hø.side og/eller ve. side av eksempelvis lig. alaria eller transversum er 50 % avrive og om der er ein akutt inflammasjon i vevet ? Eller skal vi berre oversjå funna inntil ligamentet er totalt avrive?

Struktur – dannar grunnlaget for funksjon.

Funksjon i nakken – eksempelvis overgang nakke/ hovud, er høgst multifunksjonell og multistrukturell. Når det gjeld funksjon har ein samtidige tre-dimensjonale rørsler – sett saman av funksjon i utallige strukturer – med tre-dimensjonelle akseforflytninger underveis i noko så «enkelt» som ein nakkerotasjon. Da går det ikkje an å plukke ut ein struktur og vurdere grad av «normalitet» i fht ei pasient- og kontrollgruppe – med eit resultat, gjerne også angitt i eit gjennomsnitt, oftast med 2 statistiske standardavvik.

Tenk på følgande: Dersom eit fotballag taper ein kamp – kan ein ikkje berre trekke ut venstrebacken og vurdere hans eigenskapar og prestasjonar opp mot vinnarlagets sin venstre back. Sjølvsagt må ein vurdere hans spesifikke kvalifikasjonar og prestasjonar – men alle veit at der er 11 spelarar på eit lag, og ein trenar med eit hjelpeapparat – der enkeltspelarar sine kvalifikasjonar er viktige, samt at lagspelet med alle dets variablar må fungere. Sjølvsagt kan ein speler sine «tabber» ha hatt større innverknad på tapet enn andre spelarar sin innsats. Men neste gang laget taper – eller vinn – kan prestasjonane vere annaleis fordelte. Slik er det også i nakken – ein multistrukturell og multifunksjonell einheit – der vi som klinikarar ofte vel for enkle løysingar i diagnostikk og rehabilitering – slik at det skal kunne pressast inn i vår ofte litt snevre kliniske forståing, og mangelfulle metodelval innan diagnostikk og rehabilitering.

Slik eg ser normalitetsbegrepet – må det dannast med basis i flest mulige faktorar. Struktur og funksjon. Eg vel meg funksjonell klinikk, det beste innan posisjonell MRI og CT, samt funksjonell u-lyd – for mitt diagnostiske grunnlag. Det er eit arbeidskrevjande puslespel med presis diagnostikk! Eg bruker pr. pasient med klinikk, CT og MRI forarbeid, arbeid under CT/ MRI undersøkingane og etterarbeid med bildevurderingar og rapportskriving ca. 35 timar pr. pasient.

Har det nedlagde arbeidet reell verdi for diagnostikk og rehabilitering ? Vi seier JA.

Er du verdt eit slikt omfang i diagnostisk arbeid? Vi seier Absolutt JA

Eg nemner igjen -til tidlegare du kjem – til lettare er ofte arbeidet med diagnostikk som fører til ei raskare rehabilitering med godt resultat.

Eg ynskjer å SJÅ deg som pasient – med presise funn til vevsstrukturar sett inn i ein multifunksjonell nakkefunksjon – som danner grunnlaget for den mest effektive rehabilitering.

Kvar du passer inn i eit vitskapleg materiale med normalitetsvurderingar, gjennomsnittsverdiar og statistiske standardavvik for enkeltstrukturar, oftast drege ut av sin funksjonelle samanheng, er faktisk svært lite interessant og oftast medisinsk villeiande.

Eksempel: Smertefull nakkerotasjon:

Dersom du provoserer nakkesmerter ved nakkerotasjon – kan det være svært komplisert å finne årsak og lokalisasjon for eventuell lesjon som forklarer dine smerter.

Då må vi unngå å tilpasse pasienten sine eksisterande plager og symptom til eksisterande kliniske og radiologisk metode. Pasient skal ikkje tilpassast metode. Metode skal tilpassast pasient!

Klinikar; sjå til at aktuell klinisk status blir trygt ivareteke ved gjennomføring av CT og MRI undersøkelsar!

Det å samkøyre posisjons MRI 3.0T med strukturvisualisering i kombinasjon med posisjons CT er ein svært nyttig kombinasjon av metodar. Klinikk – ultralyd – MRI 3,0T – CT. Det er viktig å vurdere aktualitet i funn – kor viktige er funna for deg med dine plager? Vi testar din passive nakkefunksjon opp mot aktiv nakkefunksjon, gjerne ledsaga av u-lyd scanning (her treng du high-end utstyr) – så vidarefører ein desse resultata vidare med MRI T2 vekta sekvensar – i kombinasjon med STIR sekvensar. STIR sekvensar avdekker om der er funn forenleg med aktiv inflammasjon i skada vev påvist ved klinisk test og MRI T2 vekta sekvensar. Ein avsluttar så med dei posisjoner som klinikk og MRI 3.0T avdekker som avvik – til ein posisjons CT. Der kan ein visualisere segmentelle avvik – og vurdere om desse funna samsvarer med klinikk og MRI. Dette totale grunnlaget dannar grunnlaget for di målretta rehabilitering av nakken – med stimulering av vevsregenerasjon og remodellering av vevsstrukturar.

Til sjuande og sist er det kun eit forhold som tel:

Klarer vi levere resultat i diagnostikk og rehabilitering som hjelper deg som pasient?

Gir det rett og slett resultat – eller held vi kun på med brannsløkking?

Følg arbeidet vårt på www.firdafysmed, sjå fagstoff.

Aktuelt

Brukarundersøking

Spørsmål: "Korleis vurderer du behandlinga du har fått ved FFMS med den behandlinga du fekk før du kom til FFMS?"


Les heile brukarundersøkinga her (PDF).