Viktig melding

Firda fysmed senter AS treng di hjelp.

Firda fysmed senter vart etablert på Sandane i 1991. Vårt senter har spesialisert seg på diagnostikk og rehabilitering av personer med nakkeskade. Vi har gjennom alle desse åra strekt oss så langt og kraftfullt som det er mulig i arbeidstid- og mengde, kvalitetsutstyr, utdanning, samarbeid nasjonalt og internasjonalt. Dette for at vi skal kunne gje deg det beste tilbodet.

Vi er eit kommunalt senter – men vi arbeider fortsatt med å få avtale med eit helseforetak (Helse Vest).

Vi er tre terapeutar – på eit DELT tilskot. Vi har rett til 3 tilskot. Vi har søkt tre gangar, og fått tre avslag. NO SØKER VI FOR FJERDE GANG. Sjå vedlegg søknad.

Stort arbeidspress og kraftfull arbeidsmengde over såpass mange år tek på. Vi ynskjer no å redusere vår arbeidsmengde, slik at vi også i åra som kjem kan levere godt arbeid for nettopp deg.

MEN VI TRENG TRE 100 % TILSKOT – no søker vi altså om to tilskot – slik at vi totalt ender opp med tre rettsmessige tilskot.

VIKTIG INFO: Vi leverer i dag arbeid tilsvarande 3 årsverk til pasientar frå Gloppen kommune. I TILLEGG arbeider vi altså i mengde utover 3 årsverk for tilreisande nakkepasientar. Viktig info til Gloppen kommune!

Skal det ikkje bli eit nytt avslag, treng vi DI HJELP til å påvirke våre politikarar (Senterpartiet har no reint fleirtall i kommunen), administrasjon (rådmann og helse avd).

Det er også viktig å formidle tanker gjennom vår lokal avis Firda Tidend i ei slik sak.

Dersom du ser deg syn med å støtte Firda fysmed senter for vidare ARBEID FOR DEI NAKKESKADDE, TRENG VI ALTSÅ DI HJELP – SEND EIN MAIL, EIN SMS ELLER LIKNANDE. Den kommunale søknadsprosessen er i gang – så din respons må kome raskt!


Ordfører og Senterpartiet, Leidulf Gloppestad


97786989, Leidulf76@gmail.com


Per Jarle Myklebust, leiar Senterpartiet


48007602, per.jarle@combitel.no


KRF, Svein Ottar Sandal


90227570, larstun@online.no


Arbeiderpartiet, Arnar Kvernevik


970 50 381, arnar.kvernevik@icloud.com


Høgre, Beate Dybendal Nordvik


41225448, beatedybendal@hotmail.com


MDG, Marièl Eikeset Koren


90942503, marielkoren@gmail.com


SV, Hege Lothe


92648348, Hege.lothe@gmail.com


Samfunnsdemokratane, Gunvor Sunde


979 55 677, gunnvor@samfunnsdemokraten.no


Venstre, Bjarte Gangeskar


905 81 490, bgangesk@online.no


RÅDAMANN, Jan Kåre Fure, 47621981


Helse og Omsorgssjef, Gunhild Gimmestad, 91640696


EPOST TIL RÅDMANN OG HELSESJEF:

Tlf: 57 88 38 00

E-post: post@gloppen.kommune.no


FIRDA TIDEND, Epost redaksjonen: redaksjon@firdatidend.no

Telefon redaksjon: 57 86 87 90

Telefon ekspedisjon: 57 86 87 81


Vedlegg 1:

Søknad Gloppen kommune:

Til Gloppen kommune

Grandavegen 9

6823 Sandane

Sak: Søknad om to fulle driftstilskot som fysioterapeut i Gloppen kommune frå 2020.

Firda fysmed senter vart etablert på Sandane i 1991. Bertel Rune Kaale fekk den gang eit 100 % driftstilskot. Ein fysioterapeut si løn og grunnlag for forsvarleg organisatorisk drift er tredelt; kommunalt tilskot, eigenbetaling frå pasient og tilskot frå Helfo. Morten Leirgul starta opp ved Firda fysmed senter i 1999, Arne Nesgård starta opp i 2004. Helfotilskotet den gang var i ei overgangsordning, som tilsa at hadde ein fast 20 % tilskot frå kommune, fekk ein 100 % tilskot frå Helfo for sitt fulle fysioterapiarbeid. Kaale gav frå seg 20% x 2 for at Leirgul og Nesgård fekk nytte av denne ordninga frå 2004 og fram til dags dato. Kaale satt derfor igjen med kun 60 % tilskot sidan 2004. Denne ordninga gjeld ikkje lenger for ny-tilsettinger. Vår ordning vil sannsynlig vare ut så lenge vi er i arbeid. Når ein av oss tre ikkje lenger er i arbeid, vil denne ordninga bli trekt inn. Via Helsesjefen i Gloppen vart det i juni 2019 undersøkt om ein kunne dele opp Kaale sitt resterande 60 % tilskot i ytterlegare 3 x 20 % tilskot med samme Helfo avtale – for dermed å kunne tilsette to nye fysioterapeuter ved Firda fysmed senter. Denne ordninga eksisterer ikkje lenger, og vi fekk avslag på vår forespørsel.

Firda fys med senter sine tre terapeuter har gitt kommunen fysioterapiarbeid for personer tilhøyrande Gloppen kommune tilsvarande minst 3 årsverk, kvart år sidan 2004. Arbeid for tilreisande pasienter er arbeid utover nemnde 3 årsverk. Eit månadleg driftstilskot i dag er på 37 000 kr. Ser ein på eit gjennomsnitt av tilskotsstørrelse sidan 2004 – tilsv ca. 30000 kr – har vårt arbeid tilsvarande 2 fulle stillinger utan tilskot – gitt eit tap for Firda fysmed senter på ca 11 millioner NOK. Tilsvarande beløp har då Gloppen kommune spart inn. Gloppen kommune har budsjettert med Firda fysmed senter sine tre stillinger for Gloppen kommune sitt totale behov/ etterspørsel av fysioterapitenester. Gloppen kommune har dermed budsjettert med gratisarbeid sidan 2004 på til sammen 11 millioner NOK overfor Firda fysmed senter. Dette ser vi på som ei svært uheldig ordning.

Firda fysmed senter har tidlegare søkt på desse to fysioterapitilskota 3 ganger. Vi fekk avslag kvar gang, seinast no i 2018-19. Vi er blitt fortalt muntleg og gjennom Firda Tidend ved desse tre avslaga at Gloppen kommune har «dårleg råd» i fht store investeringsbehov. Slik eg personleg har erfart det har Gloppen kommune hatt «dårleg råd» kvart einaste år sidan eg kom tilbake til Sandane i 1991. I 28 år har eg høyrt det same. Vi har ikkje råd til å gje dei lovpålagde driftstilskot til Firda fysmed senter – samtidig som ein har nytta kommunen sine midlar til mange ulike tjenlige og mindre tjenlige oppgåver.

Her vil eg vise til ein ekstern vurdering av den verdiskapning Firda fysmed senter har gitt Gloppen kommune (vart gjennomført i 2006) – vedlegg 1. Det totale beløp alle pasienter la igjen utanfor Firda fysmed senter i 2006 vart vurdert til kr. 3,1 mill NOK. Omrekna til 2019 prisnivå tilsvarer det 4 mill NOK. Sidan denne undersøkelsen var gjennomført i 2016 har arbeidsmengda ved Firda fysmed senter – antall pasienter og pasienttimer - 2006 – 2019 stege til eit absolutt maksimalt nivå med 50 % auke sidan 2006 (oppstart pasient beh. 05 00 – siste pasient 18 00). 4 mill NOK i 2006 med 50 % auke registrert i 2018, gav dette ei inntening i andre bedrifter enn Firda fysmed senter 2018 på rundt 6 mill NOK. Firda fysmed senter si eiga omsetning for 2018 kjem i tillegg – den var på 8,6 mill NOK.

Firda fysmed senter har hatt ei rivande fagleg utvikling. Vårt arbeid i Norge for alvorleg skadde nakkepasientar – med godt samarbeid med spesialisttenester ved Universitetssjukehusa våre, deltaking i rettsaker (49 pr dato sidan 2003), internasjonalt arbeid – spesielt vårt arbeid i London sidan 2012. Vårt renommé er svært godt og det er fortsatt stigande. Vi har opparbeid ein posisjon i det norske og internasjonalt fagmiljø for nakkeskade som det virkeleg står respekt av.

Eg har no passert 60 år. Og eg er inne i min siste 10 års planleggingsperiode. Arbeidsmengda er blitt for stor for oss ved Firda fysmed senter. Vår kunnskap vil og skal leve vidare. Vårt tette arbeid opp mot radiologi tilseier no eit ennå tettare samarbeid med Helse Førde – av fagleg nødvendigheit. Dvs Førde og Nordfjordeid. Samtaler om eit tettare fagleg samarbeid er under utarbeiding. Direkte sagt til Gloppen kommune – vi vurderer no om Firda fysmed senter si lokalisering på Sandane er det beste for Firda fysmed senter si vidare utvikling. Det vi har bygd opp og som vi er svært stolte av – skal etterkvart leverast vidare. Det arbeidet har vi teke fatt på no.

Firda fysmed senter har gjennomført samtaler med Gloppen kommune (teknisk kontor) mht tomt for nybygg. Pågåande arkitektsamarbeid er avslutta og resultatet foreligg. Ved utviding på Sandane er der 3 alternativ:

1) Utviding av eksisterande lokaler i Henden bygg, Sandane

2) Nedbygging av Firda fysmed senter på Sandane. Overføring av arbeidskraft til andre stadar.

3) Nybygg på Sandane eller i andre kommunar

Bertel Rune Kaale er blitt tilboden 100 % stilling ved Universitetet i Bergen ved utdanning for manuell terapi. To ganger, seinast 2018. I tillegg er Kaale blitt tilboden oppgåver nasjonalt i regi av Norsk Manuellterapi Forbund. Dette er fristande tilbod – men oppgåvene er ikkje forenleg med oppretthalding av drifta ved Firda fysmed senter. Enn so lenge har eg avslått desse tilboda.

Det var avtalt sluttmøte med Gloppen kommune for å vise sluttproduktet frå arkitetkontoret. Dette arbeidet var godt i gang før siste avslag på to driftstilskot kom frå Gloppen kommune. Som følge av dette avslaget på to drifstilskot vart planlagde møte med framlegging av resultata avlyst.

Skal Firda fysmed senter også i framtida vere lokalisert i Gloppen kommune er vi no komne dit hen at alle våre terapeuter ved Firda fysmed senter skal ha eit 100 % tilskot frå Gloppen kommune. Med dette avslutter eg min søknad.

SAK: Søker om to fulle driftstilskot. Desse to fulle fysioterapi tilskota bør vere på plass frå Januar 2020.

Sandane den 17. sep. 2019

Bertel Rune Kaale


Vedlegg 2:

Økonomiske verknader av nakkepasientane ved Firda fysikalsk-medisinsk senter

Bakgrunn

Eg er blitt spurd om å oppdatere ein rapport frå 2006 om økonomiske ringverknader av nakkepasientane ved Firda fysikalsk-medisinsk senter. Rapporten i 2006 vart skriven av to andre nakkepasientar og meg. Resultata byggjer på detaljerte opplysningar om utgiftene til 28 pasientar som hadde vore på Sandane på tovekersopphald.

Fleire pasientar i 2018

Bertel Rune Kaale har opplyst at Ffms hadde om lag 50 prosent fleire nakkepasientar i 2018 enn dei hadde i 2006. Effekten av dette er at tala for 2006 blir multipliserte med 1,5.

Omrekning til 2018-prisnivå

Eg har rekna om tala for 2006 til 2018 ved å bruke årsgjennomsnittet for konsumprisindeksen for dei to åra (www.ssb.no). Denne oppdateringa kviler på ein føresetnad om at forbruksmønsteret er det same dei to åra (bortsett frå «prislappen»).

Eg har inntrykk av (eg er framleis på Sandane til kontroll to gonger i året) at det kan vera ein lågare prosentdel av pasientane som bur på hotellet i 2018 enn i 2006, og ein høgare prosentdel som bur hjå private utleigarar. Dette dreg i retning av lågare overnattingsutgifter og høgare utgifter til matkjøp i daglegvarebutikkar og kafear i 2018 samanlikna med 2006.

Alt i alt gjer dette at oppdateringa er noko usikker, og eg kan ikkje talfeste nøyare utan ny undersøking av pasientanes utgifter i 2018 eller 2019. Det har eg ikkje tid og høve til.

Det må også nemnast at rapporten frå 2006 ikkje har berekna utgiftene for nakkepasientar på korttidsopphald og dagsbesøk. Desse gruppene er heller ikkje med i dei oppdaterte tala nedanfor.

Nakkepasientars pengebruk hjå Ffms, andre bedrifter på Sandane og totalt

Med dei atterhalda som er nemnde ovanfor er utgiftene omrekna til 2018-kroner og tillagde effekten av om lag 50 prosent fleire pasientar:

Nakkepasientars utgifter ved Ffms er berekna til om lag 2 millionar kroner i 2018.

Pasientanes pengebruk i andre bedrifter på Sandane er berekna til om lag 6 millionar kroner i 2018. Dette dreier seg om utgifter til overnatting, mat, klede, sko, gåveartiklar og liknande.

Nakkepasientars totale pengebruk ved Ffms og andre bedrifter på Sandane er berekna til om lag 8 millionar kroner i 2018.

Gol, 17. september 2019, Ingebjørg Rivedal

Aktuelt

Brukarundersøking

Spørsmål: "Korleis vurderer du behandlinga du har fått ved FFMS med den behandlinga du fekk før du kom til FFMS?"


Les heile brukarundersøkinga her (PDF).