Om smittevern til alle pasientar som kjem til Firda fysikalsk-medisinsk senter

Då vi har mange tilreisande pasientar ved vårt senter, legg vi ut denne informasjonen til alle som er satt opp for undersøking eller rehabilitering dei komande vekene.

Etter aukande smitteutbrudd i mange delar av landet vårt, ber vi om at de er ekstra gode på smittevern!

Vi ber om at de følger FHI sine retningslinjer i forhold til smittevern på heimstaden din. Bruk munnbind der det er tilrådd, og ha god handhygiene.

Om det er mulig, ber vi om at de prøver dei siste 10 dagane, før de kjem til Firda fysmed å unngå å vere på stadar der det er større samling av folk.

Sia pandemien kom i mars, har det vore svært få smitta i Gloppen. Vi gjer det vi kan for å holde Sandane smittefritt.

Dersom svaret er JA på eit av desse spørsmåla, kan du ikkje kome til vårt senter.

  • Har du vore ute og reist dei siste 14 dagane utafor Norges landegrenser?
  • Bur du saman med eller har du hatt nær kontakt med personar med påvist koronavirus?
  • Bur du saman med eller har hatt nær kontakt med personar som er i heimekarantene/heimeisolasjon og som har symptom på forkjøling/influensa?
  • Har du sjølv symptom på influensa / forkjøling / sår hals /smerter i kroppen/ augekatarr/ hovudverk / tap av smaks- eller luktesans?

Avbestilling av time, ring 57866422 eller send beskjed til post@firdafysmed.no

Takk for at du er med og tar smittevern på alvor!

Velkomen til Sandane!

Venleg helsing

Firda fysikalsk-medisinsk senter AS

Aktuelt

Brukarundersøking

Spørsmål: "Korleis vurderer du behandlinga du har fått ved FFMS med den behandlinga du fekk før du kom til FFMS?"


Les heile brukarundersøkinga her (PDF).