Medisinsk trening og fri-trening ved Firda fysmed senter

Vi starter opp igjen etter Korona nedstengning tysdag 16. juni 2020. Når vi no opnar igjen vil vi gjere nokre organisatoriske endringar, slik at vi kan fylgje dei nye Koronareglane for trening i sal, samt betre kvalitet på treningane med betre treningsresultat.

Frå 1. september startar fysioterapeut Kristoffer Kaale ved Firda fysmed senter. Han vil arbeide med pasientbehandling på benk, samt medisinsk trening i sal. I sal vil han ha enkeltpasient-trening og gruppetrening. Dette vil vi kome tilbake til på eit seinare tidspunkt.

Frå haust 2020 er det også planlagt at vi skal få inn ein ny PT, del-tid – som vil drifte trenings-oppfølging for pasientar og frisk-trening.

  1. Frå kl. 05 00 til 15 00 vil det no kun vere ope for medisinsk trening for pasientar under pasientbehandling (der PT eller fysioterapeut føl deg i treninga i sal). Dette pga dei nye Koronareglane og at vi har begrensa areal til trening.
  2. Frå 15 00 til stengetid vil det vere ope for drop-in trening. Dette gjeld pasienttrening som er overført til fritrening og ikkje-pasientar på fritrening. Dei nye Koronareglane set grense for kor mange som kan vere tilstades i våre lokaler til ein kvar tid. Inntil vidare vil treningstid for fri-trening pr. person vare inntil 90 minutt, og vi kan ha 8 (6 i treningsrom, 2 i kondisjonsrom) personer i sal til ein kvar tid. Alle som vil nytte seg av drop-in trening må registrere si trening i luka dagen før (registreringstid frå 08 00 – 14 00)
  3. Alle skal trene med eingangs-hansker. Dette blir utdelt. SPRIT hanskane mellom kvar øving.
  4. Alle skal ha med seg stor handduk til underlag ved sitte-liggeposisjoner i sal.
  5. Sprit apparata og berøringsflater etter bruk!
  6. Garderober er kun opne for bruk av toalett. DUSJ OG BADSTU ER ENNO STENGDE.
  7. Bruk av A10 treningstakst går ut. Frå 16 juni gjeld kun ordinær betaling til fysioterapeut/ PT eller treningskort. Våre erfaringar med bruk av A10 treningstakst er at kvalitet på øvingane er for lav, dei som trenar har ofte behov for ekstra tilrettelegging, korrigering av teknikk, følge progresjon av øvingane, endring av øvingar pga smerter ved trening m fl grunner – har over lengre tid ført til for stor ekstrabelastning på personleg trenar i sal. Derfor går vi bort frå denne ordninga frå 16. juni 2020.
  8. Sommer opning 2020:
    • Stengt veke 30 pga full nedvask.
    • Opningstid sommer veke 28, 29, 31,32 – måndag, onsdag, fredag kl. 16 00 – 20 00.
    • Registrering sommartrening på mobil 90 47 69 40. Registreringa må skje i arbeidstid (16 00-20 00) treningsdagen før eller ved drop-in (ved ledig kapasitet).
  9. ALLE SOM HADDE TRENINGSKORT VED KORONANEDSTENGING – VIL FÅ FORLENGA VARIGHEIT MED 3 MÅNADAR!
Firda fysmed senter, Sandane den 14. juni 2020.

Aktuelt

Brukarundersøking

Spørsmål: "Korleis vurderer du behandlinga du har fått ved FFMS med den behandlinga du fekk før du kom til FFMS?"


Les heile brukarundersøkinga her (PDF).