Velkomsthelsing

Bertel Rune Kaale

Hei!

Namnet mitt er Bertel Rune Kaale. Eg er dagleg leiar ved Firda fysikalsk-medisinsk senter på Sandane.

Vårt senter har spesialisert seg på diagnostisering og rehabilitering av personar med nakkeskadar. Våre terapeutar, personlege trenarar og kontorpersonell har spesialiserte oppgåver i dette arbeidet.

Sidan 2000 har vi undersøkt rundt 1400 personar frå heile Norge. Desse vart grundig undersøkt og fekk med seg ein omfattande rapport m.h.t. årsakssamanheng for sine plager og eit godt grunnlag for vidare rehabilitering på eigen heimstad.

Knappe 500 av desse har valt å kome tilbake til Firda fysikalsk-medisinsk senter for rehabilitering. Det er ei glede å kunne fortelje at 70 % av desse har betydeleg reduserte plager med betre funksjon etter endt rehabilitering . Mange har dessutan kunne gå tilbake til skulegang og arbeid (Rehabiliterte pasientar 2004, gjennomgang etter forespørsel av Helse og sosial direktoratet).

Det er ei glede å kunne fortelje deg som les dette om arbeidet vårt.

Du er velkomen til Sandane, enten du vel berre undersøking, eller du også ønskjer rehabilitering!

Aktuelt

Tilreisande: Sjå ny hageleilegheit til leige!

Brukarundersøking

Spørsmål: "Korleis vurderer du behandlinga du har fått ved FFMS med den behandlinga du fekk før du kom til FFMS?"


Les heile brukarundersøkinga her (PDF).