Aktuelt

Firda protokoll for radiologisk nakkeundersøking i London – ny oppstart etter Korona-pandemi stopp

12.10.2021

Gladnyhet: Prisauken for radiologisk nakkeundersøking som vart publisert november 2021, fell vekk. Prisane blir som før. Sjå tekst under.

Det er ei glede å kunne informere om at vi har teke opp igjen reisene til London der vi gjennomfører spesial nakke CT og MRI undersøkelsar. MRI undersøkelsen må her ikkje forvekslast med Upright MRI, ein metode som tidlegare er prøvd grundig ut og forkasta på eit fagleg grunnlag.

Før pandemien sette ein stopper for våre reiser etter mars 2020 og fram til første tur no i september 2021 – hadde vi gjennomført 6 årlege reiser over 8 år. Vi nytta dette ufrivillege avbrotet til grundig å re-vurdere behovet for denne kostbare og arbeidskrevjande undersøkelsen. Etter ein grundig fagleg gjennomgang har vi kome fram til at denne individuelle tilrettelagde og gjennomførde CT og MRI 3T nakkeundersøkelsen held eit svært høgt fagleg nivå, og at resultata av desse undersøkelsane har avgjerande verdi for eit best mulig rehabiliteringsresultat. Som tidlegare er målsettinga for å gjennomføre ein slik kostnadskrevjande undersøkelse vurdert utfrå eit rehabiliteringsbehov og ikkje ut frå ein rettsmessig nytteverdi.

Den faglege nytteverdi er vurdert i fht kartlegging vha MRI 3T av potensielle skader til leddband, leddkapsler og muskulatur i øvre nakkeregion. Kor mykje av vevet er skada, kor stor restfunksjon er der i strukturane og er der skader/ omfang av skader som klinisk sett er uoppdaga. CT blir utført i dei same plasserte nakke/ hovudstillingar som MRI undersøkelsane. CT gir svar på leddavvik og avvik i beinformasjon. Resultata frå MRI og CT er svært nyttig informasjon for å gje ein presis diagnostikk av din nakkeskade.

Dette er ein omfattande undersøkelse og samtidig svært arbeidskrevjande for oss ved Firda fysmed senter, derfor har vi ei streng fagleg selektering av kven vi meiner skal få dette tilbodet. Vi vil fortsatt fylgje strenge faglege kriterie for nytteverdi og forsvarligheit av desse to undersøkelsane.

I haust no blir det gjennomført kun to turar. Desse er fullbooka. Dersom du ikkje har vore inne til innleiande utredning ved vårt senter, må denne gjennomførast før vi tek stilling til ditt vidare radiologiske utredningsbehov.

Vi anbefaler desse radiologiske undersøkelsane når vi sit med viktige uavklarte diagnostiske spørsmål som grip direkte inn i din diagnostikk av nakkeskaden for rehabilitering og/eller at dei kliniske funn ved utredning er såpass alvorlege at vidare CT og MRI bør gjennomførast på eit forsvarligheits-grunnlag.

Dessverre blir desse undersøkelsane ikkje utførde i Norge pr dato. Det er usikkert kva som er det faktiske årsaksgrunnlaget for at dei ikkje blir gjennomførde i Norge. Men sannsynleg speler økonomi, utstyrs- og personell knappheit inn som medverkande årsaker for å ikkje ta i bruk desse metodane som er tidlegare etablert på eit fagleg grunnlag.

Den totale pakken med gjennomføring av CT og MRI undersøkelsar, Firda fys med senter sitt arbeid med forberedelse og gjennomføring av undersøkelsane, evaluering av resultat, rapportskriving, ekstra innleige av fagfolk i London – har ein kostnad på 45 700 NOK.

Så på eit godt re-vurdert fagleg grunnlag er omtalte CT og MRI nakke undersøkelsar starta opp igjen etter Korona pandemi-stoppen. Vi ser fram til dette!

Les meir om denne undersøkinga her

Firda fysikalsk-medisinsk senter - Organisasjonsnummer: 981 524 624

Postadresse: Postboks 194, 6821 Sandane - Besøksadresse: Krånavegen 9, 6823 Sandane