Fagstoff

Firda fysmed senter styrker sin vitenskaplege posisjon nasjonalt og internasjonalt.

Desember 2024

Firda fysmed senter er igjen base for ein ny publikasjon mht diagnostikk av personar utsett for eit nakketraume. Traumet som er beskrive i denne artikkelen er ei feil-behandling i 2020. Seinare diagnostisk – og behandlingsmessig oppfølging av pasienten i norsk spesialisthelseteneste synes å ha vore lite målretta mot potensielle skader i øvre del av nakken.

Firda fysmed senter har i dette arbeidet knytt nye faglege kontaktar med The European Society of Medicine, og artikkelen vår er publisert i The Medical Research Archives.

Referanse: https://esmed.org/MRA/mra/article/view/5940/99193548611

Dette samarbeidet starta i august 2024, og det har gitt raskare frukter enn det vi tidlegare har vore vande med. Vi er godt i gang med del 2 artikkelen i den same saka som var publisert no i desember 2024. Desse artiklane sitt fundament bygger også på det vitskaplege arbeidet vi publiserte i 2023:

Post-Traumatic Atlanto-Axial Instability: A Combined Clinical and Radiological Approach for the Diagnosis of Pathological Rotational Movement in the Upper Cervical Spine. Kaale BR, McArthur TJ, Barbosa MH, Freeman MD.J Clin Med. 2023 Feb 12;12(4):1469. doi: 10.3390/jcm12041469.

Artikkelen som vart publisert no i desember 2024 tek føre seg den uheldige koplinga mellom instabilitet i øvre nakkeregion og den potensielle fare som da kan oppstå mht kompresjon av blodårar i det same nakkeavsnittet. Vi har vore så heldige og dyktige at vi har fanga opp ein direkte blodåre- kompresjon med framifrå CT bilde (2D og 3D) frå vår undersøking og samarbeid med senior radiograf Tony McArthur og det radiologiske senteret The Alliance Medical i London. Det genuine i dette samarbeidet er presis klinikk i tett samarbeid med presis og målretta radiologi. Vår målsetting no er at desse resultata skal leggast fram på ein større kongress i Europa i 2025.

Sandane den 3. desember 2024
Firda fysmed senter
v/ Bertel Rune Kaale
MT, PhD.


Firda Fysikalsk Medisinsk Senter set instabilitet i nakken på det Europeiske nakkeskade-kartet!

Juni 2024

Cervical Spine Research Society (CSRS) har gjennomført det årlege fagmøtet, dette året arrangert i Wien.

Cervical Spine Research Society 39th annual meeting

CSRS er ei av få medisinske faggrupper som har nakkesymptom og – skader som hovudarbeidsfelt. Ulike medisinske faggrupper samlast ein gong i året og deler på fagkunnskap, samt skaper faglege relasjonar for framtidig samarbeid. CSRS har også ein asiatisk og ein amerikansk gruppering. Den europeiske seksjonen tiltrekk seg medisinsk kompetanse frå desse kontinenta på det årlege europeiske fagmøtet.

Firda Fysikalsk Medisinsk Senter (FFMS) deltok i år med eit foredrag som omhandla meir presis diagnostikk av skader som kan føre til instabilitet i øvre del av nakken. Dette arbeidet vart publisert i eit amerikansk medisinsk tidsskrift i februar 2023 (Journal of Clinical Medicine).

Wien, Thursday June 6, 14:15: Post-traumatic atlanto-axial instability: A combined clinical and radiological approach for the diagnosis of pathological rotational movement in the upper cervical spine. Bertel Rune Kaale, Tony McArthur, Maria Hjelset Barbosa, Michael Freeman, (Sandane/NORWAY)

Dette var den første publiserte vitskaplege artikkel med bakgrunn i FFMS sitt samarbeid over 11 år med The Alliance Medical og senior radiograf Tony McArthur i London. Med basis i FFMS sin grundige kliniske tilnærming til nakkeskadar, med presise kliniske spørsmål, har dette danna grunnlaget for nye måtar å gjennomføre CT scanning av nakken på. Vi har i fellesskap utvikla nye CT og MRI sekvensar, slik at ein får meir pålitelege radiologiske svar på kva som er skada hos den enkelte pasient. Med meir presis diagnose, har ein eit stødigare grunnlag for vidare behandling- og rehabilitering.

CT bilde, 3D av nakkevirvel 1 og 2
CT bilde, 3D av nakkevirvel 1 og 2

CT bilder, 3D, av nakkevirvel 1 og 2.

Bilda syner for stor rotasjon av nakkevirvel 1 på virvel 2, slik at den roterer bortimot heilt ut av ledd pga omfattande blautvevsskader. I dette tilfellet er der kun 4 % rest-leddflate dekning mellom virvel 1 og 2 før pasient opplever full ledd-dislokasjon (heilt ut av ledd). Dette er sjølvsagt ein betydeleg skade, med omfattande symptom og plager for pasienten.

FFMS sin kliniske og radiologiske metodikk for å avdekke slike alvorlege forhold var innhaldet av presentasjonen ved årsmøtet i Wien.

PowerPoint-presentasjonen frå Wien kan lastast ned her.

Bertel Rune Kaale og alle ved Firda fysmed senter AS har eit glødande engasjement for dei nakkeskadde. Dette arbeidet starta allereie i 1989, den gang i Tromsø.

Mykje arbeid, mange reiser og like mange faglege relasjonar over 35 år har lagt grunnlaget for at Kaale vart akseptert som foredragshaldar ved CSRS sitt årsmøte 2024. Det å stå på podiet i Wien framfor 150 legar med årelang erfaring innan diagnostikk og behandling av personar med nakkeskade var inspirerande, og eit viktig bidrag for dei nakkeskadde.

Bertel Rune Kaale under presentasjonen

Presentasjonen for våre kolleger i CSRS.

Tony McArthur og Bertel Rune Kaale

Senior radiograf Tony McArthur og MT Bertel Rune Kaale der ein mingler blant fagfolk for å skape nytt samarbeid.

Vi har nådd eit nytt mål, ved å sette FFMS og Sandane ennå tydlegare på det store medisinske kartet. Vi bygger vidare på nye relasjonar og moglegheiter for samarbeid for dei nakkeskadde. FFMS og Sandane har teke eit nytt fagleg steg for betre diagnostikk og behandling for personar med nakkeskade.

Firda fysikalsk-medisinsk senter - Organisasjonsnummer: 981 524 624

Postadresse: Postboks 194, 6821 Sandane - Besøksadresse: Krånavegen 9, 6823 Sandane