Nakkeskader - diagnostisering
Mange lid av symptom og redusert nakkefunksjon etter nakkeskader. Presis diagnostikk av nakke / hovud dysfunksjon med symptom og følgjetilstandar etter nakkeskader er derfor svært viktig.
Vi registrerer at mange ikkje får den oppfølging dei burde hatt i forhold til sine betydelege symptom og plager når det gjeld diagnostikk og behandling. Firda fysikalsk-medisinsk senter har derfor over nokre år no utvikla eit tett og godt samarbeid med utanlandsk medisinsk kompetanse.
Firda fysikalsk-medisinsk senter har sidan 2000 hatt eit særskilt tilbod ved undersøking av personar med symptom og funksjonsavvik til nakke-hovud.
Dette er eit diagnoseprogram som delvis vart utvikla i samarbeid med BTE Technologies i Baltimore, USA.
Våre terapeutar ved Firda fysikalsk-medisinsk senter har etter snart 14 års arbeid opparbeidd seg eit betydeleg teoretisk og praktisk kunnskapsnivå gjennom diagnostisering og rehabilitering av personar med nakkeskade.
Innhaldet i undersøkinga
Opptak av sjukehistorie (anamnese)
I anamneseopptaket prøver terapeuten å innhente opplysningar frå pasienten om eventuelle nakke-/hovudtraume som kan være underliggande årsak til pasienten sine vedvarande plager.
Traumeretning, fallmekanisme, nakken sin posisjon i treffaugneblinken kan være viktige opplysningar som kan leie til ein mistanke om skadepåverknad til ulike vevsstrukturar i nakken.
I tillegg er det viktig at pasienten skildrar dei ulike symptoma - korleis dei var i starten, etter kvart, og kva som er dei aktuelle plagene i dag.
Klinisk undersøking
Test av ledd og blautvevs-funksjon er viktig for å finne ut korleis nakken din fungerar.
I den kliniske undersøkinga blir hovudfokuset nakken som kan delast inn i 3 ulike avsnitt; øvre (C0-C2), midtre (C3-C5) og nedre del (C6-Th2). Øvre nakkeavsnitt blir igjen inndelt i øvre (atlantooccipitalledd C0-C1) og nedre avsnitt (atlantoaxialledd C1-C2).
Terapeuten prøver å vurdere korleis dei enkelte avsnitta i nakken er og korleis dei påverkar kvarandre. Resten av ryggsøyla blir også testa saman med skulder, kne, ankel for å sjå etter eventuelle samanhengar til dei aktuelle plagene.
Test i Multicervical Unit (MCU)
MCU er ein nakkemaskin som er spesialdesigna for nøyaktig testing av bevegelighet og styrke i nakken.
I MCU testar vi evne til belastning i fht rørsleutslag.På denne måten kan vi finne skadestad/område for funksjonssvikt.
MCU-prosedyren er inndelt i to; bevegelsestesting av nakken og koordineringstestar.
I første test prøver pasienten sjølv å vise kor mykje han/ho klarer å bevege nakken i ulike retningar; bøying framover, rotasjon, sidebøy og bøying bakover. Resultatet blir samanlikna med forventa normalverdi.
Vi ser også etter måten han beveger på, eventuelle kompensasjonar samt rytmen/flyten i bevegelsen under gjennomføringa. Pasienten blir testa med 100 til 500 grams motstand under MCU-økta.
Terapeuten ser korleis dei ulike nakkeavsnitta samspelar og i kva slags rekkefølgje dei blir rekruttert underveis i bevegelsesbana.
Gjennomgang av MRI/røntgen
Det blir ikkje utført MRI her ved senteret, då vi meiner at pasienten får ein fullgod diagnoseutredning i den omfattande testprosedyren.
I nokre tilfelle kan det likevel vere viktig å gjennomføre funksjonsrøntgen eller standard MRI på heimstaden for å få ytterligare informasjon. Resultata frå desse radiologiske undersøkingane er då viktige bidrag i vår undersøking/rehabilitering.
Diagnose
Ut frå denne grundige undersøkinga har vi eit godt grunnlag til å konkludere med ein nøyaktig funksjonsdiagnose, som igjen dannar grunnlaget for rehabilitering av den aktuelle funksjonssvikten i nakken.
Vi ved Firda fysikalsk-medisinsk senter er stolte over vår faglege utvikling, og den hjelp vi har kunne bidrege med for mange personar frå inn- og utland, både når det gjeld diagnostisering og rehabilitering.
Slik går du fram
Korleis går eg fram dersom eg vil til Firda fys med senter for undersøking og eventuell rehabilitering?
Vi treng eit skriv frå fastlegen din/ legespesialist/ manuellterapeut med dei viktigaste relevante medisinske opplysningane. (Maks 5 sider) Legen kan sende det via Norsk Helsenett eller til postboksadresse:
Firda fys med senter
Pb 194, 6821 Sandane.
Når vi har motteke dei viktigaste relevante medisinske opplysningane, tar vi kontakt pr telefon for å avtale dato for undersøking. Legg ved kontaktinformasjon. Mandag er fast dag for undersøking. Du får tilsendt stadfesting på timeavtalen.
- Du vil bli undersøkt av Arne Nesgård eller Morten Leirgul. Skriftleg rapport vil føreligge innan 4 veker.
- Vi gjer merksam på at du ikkje automatisk blir kalla inn att for rehabilitering etter undersøking. Du må sjølv bestille dette.
Sjå rehabilitering
CT og MRI 3T undersøking i London
DENNE INFORMASJONEN OM CT OG MRI 3T UNDERSØKELSANE I LONDON FÅR DU ETTER AT VI HAR UNDERSØKT DEG GRUNDIG, OG VI MEINER AT DU VIL HA GOD NYTTE AV EIN SLIK CT OG MRI 3.0T UNDERSØKING.
Ingen kan reise direkte til London for desse undersøkingane. Kvifor ser du i teksten under.
Informasjon om CT og MRI undersøking i London
De har vore igjennom ein grundig klinisk test ved Firda fys med senter. Vår konklusjon at på eit skadegrunnlag har du klare avvik i ledd- og bløtdelsfunksjon i nakken din – som er ei klar medverkande kjelde til dine symptom til nakke og hovud. Jfr. din utredningsrapport.
Det er viktig med så presis diagnostikk som mulig – for dokumentasjon av skade og som eit viktig grunnlag for så målretta rehabilitering som mulig. Spesielt viktig er det når symptom og plager er blitt kroniske – og det er vanskeleg å finne ein vidare effektiv vei innan rehabilitering – ei rehabilitering som har som mål å deg mindre omfang av symptom med betre dagleg funksjonsevne.
Ei tett og nær kobling mellom effektiv klinikk for diagnostikk og rehabilitering i fht nyttig funksjonell radiologi er viktig. I denne samanheng er du blitt vurdert og informert om funksjonell CT og MRI i London. Pr. dato blir ikkje denne spesialiserte CT og MRI undersøkinga utført i Norge.
Stråling
Ved CT undersøking blir du utsett for ionisk stråling. Ionisk stråling er kreftframkallande ved større doser. Det vi har gjort i London er at kvar enkelt pasient er vurdert på eit svært strengt grunnlag – om akkurat du vil ha NYTTE av ei slik undersøking. Det er ei svært streng siling før du blir anbefalt ein slik undersøking. Det skal vere eit ubestridt grunnlag for at vi med stor sikkerheit kan seie at denne undersøkelsen vil vere til nytte for deg i framtidig diagnostikk og rehabilitering. Vårt kliniske forarbeid består m.a. å finne dei absolutt beste posisjoner for CT undersøkelsen – slik at kun eit fåtalls posisjoner blir nytta – på denne måten får vi dobbel effekt – STØRRE treffprosent ved CT undersøkelsen og vi reduserer den ioniske strålinga til eit minimum – dvs. for ein total CT undersøkelse for deg – 2,6 mS (milliSivert). Sidan stråledosen er såpass lav – vil det bety lite i summasjon i fht tidlegare CT u.s.
MRI 3T
Med bakgrunn i klinikk og CT undersøking – gjennomfører ein så ein MRI undersøking. CT og MRI undersøkinga utfyller kvarandre. MRI viser strukturer/ vev – og eventuelle forandringer og skader på desse. Vi nytter MRI – liggande, 3T, med tilpassa hovudcoil(hjelm som nakke og hovud ligg i). Denne er akkurat så rommeleg at ein kan plassere nakken/ hovudet slik vi vil, oppstøtta av små puter. Vår erfaring er at denne undersøkelsen gir skarpe og detaljerte bilder av C0-3 region (område av nakken i dette tilfellet).
Underteikna blir med til London. Vi har arbeidd med denne CT metoden no i 5 år og MRI metoden i 3 år. Vi er svært nøgde med resultata. Eg legg deg til rette på CT brettet og MRI brettet– og føl deg gjennom undersøkelsen. Vi ser det likevel som nyttig informasjon at du må klare deg sjølv med reise tur/ retur, hotell – reise til og frå hotellet m.m. Då er det nyttig og kjekt å ha med seg følgje i storbyen.
Blir du dårleg av undersøkelsen: Vår erfaring er at du kan få ein viss auke av dine symptom til nakke og hovud inntil 1-2 dager. Du får ingen ny eller forsterka skade. For dei som bruker smertestillande medisiner kan det vere lurt at du medisinerer deg dagen i forveien, undersøkelsesdag og evt. nokre dager i etterkant ved behov. Sjølve undersøkelsen er smerte- og symptomfri – Du ligg likevel i 2-3 minuttar i 4 posisjoner (CT) – som kan provosere litt av dine kjende symptom. I MRI ligg du i 6-8 posisjoner på 2-4 minutt.
Denne informasjonen blir sendt deg pr. mail eller i brevs form. VIS GJERNE BREVET TIL DIN FASTLEGE.
Plan
Eg bestiller CT og MRI time til deg. Etter undersøkelsen på Sandane lagar eg til plan for kva posisjoner vi skal legge nakken din i. Desse posisjonane varierer frå pasient til pasient. Dette er eit svært viktig forarbeid.
De bestiller sjølv reise og opphald.
Dersom de kjem til Heathrow flyplass – ta the Heathrow Express til Paddington stasjon. Eg bruker hotels.com for mine hotelreservasjoner. De som reiser frå Bergen kjem til Gatwick i London, med tilsvarande tog til Victoria stasjonen.
Pris for den totale undersøking:
CT og MRI i London der du betaler med kort - kvar undersøking: ca. 10 000 NOK. Dvs = 20 000kr.
CT:
Eg bruker ca. 8 timer med arbeid for kvar pasient (før-under og etter u.s.) – 1 250 kr x 8 = kr 10 000 Dette blir fakturert i etterkant når eg sender ut rapporten.
Eg tek med 3-4 pasientar kvar gang. Du må dekke deler av mine reisekostnadar –
For deg: Kr. 4 000.
Undersøkelsen blir gjennomført på fredagar. Dagen etter arbeider Andrea Adriaans/ Tony McArthur og eg ca. 1,5 klokketime med resultata frå kvar pasient. Eg betaler dei for dette ekstraarbeidet ca. 1700 kr pr pasient. Eg fakturerer deg for dette i etterkant.
MRI:
Eg bruker ca. 10 timer med arbeid for kvar pasient (før-under og etter u.s.) – 1250 kr x 10 = 12 500. Dette blir fakturert i etterkant når eg sender ut rapporten.
Her er overlappande arbeid mellom CT og MRI – total arbeidsmengde begge undersøkelser tilsaman – 16 timar x 1250 kr= 20 000kr.
Kaale sitt arbeid: PRIS begge u.s.: 20 000 kr.
Totale utgifter for deg: | |
---|---|
CT og MRI u.s. til to sentre i London | 20 000 kr |
Kaale sitt arbeid | 20 000 kr |
Dekke Kaale si reise | 4 000 kr |
Andrea/Tony ekstra CT arbeid | 1 700 kr |
Totalt | 45 700 kr |
Dette er ei svært kostbar undersøking! Alle som skal til London må vurderast nøye på førehand – nytteverdi i fht diagnostikk og rehabilitering.