Nakkeskader - rehabilitering

Plakat med anatomisk illustrasjon på veggen

Nakken er den mest fleksible delen av ryggrada. Han er bygd slik at hovudet kan vendast i omtrent alle retningar. Men fleksibiliteten gjer også dette området ekstra utsatt for skade.

Det er tre hovedformer for skade som kan oppstå i ei nakkeskadeulukke: Muskelskade, nerveskade og leddskade, som alle kan oppstå når nakken blir overstrekt. Likevel kjenner ein ikke til akkurat kva skadane består av hos dei som får kroniske plager.

Årlig vert det meldt inn ca. 5.000 nakkeslengskader til norske forsikringsselskap. Landsforeningen for nakkeskadde meiner talet er mykje høgare fordi mange blir skada på andre måtar enn i biluhell. Dei opererer med eit anslag på 26.000 nakkeskadar i Norge kvart år. Av desse blir omlag 1.300 varig invalidiserte og 400 blir heilt arbeidsuføre.

Kva er annleis med behandlinga ved Firda fysikalsk-medisinsk senter?

Nesten alle pasientar som kjem til Firda fysmed har vore sjuke i mange år. Dei fleste har prøvd ulike behandlingsformer. Omkring halvparten av dei har opplevd å bli sendt til psykolog, psykiater eller nevrolog. Dei føler at dei er gjevne opp av behandlingsapparatet og dei påfører samfunnet store trygdeutgifter.

Ved Firda fysikalsk-medisinsk senter legg vi vekt på at problema ofte er av fysisk art.

Vi meiner at når leddbanda og muskulaturen i nakken blir svekka, klarer ikkje lenger nakken å bære vekta av hovudet. Musklane blir overanstrengde og smertene kjem.

Dersom ein finn ut kvar funksjonsendringa/ skaden sit, er det mogeleg å lage eit treningsopplegg som styrkjer dei leddnære musklane i området, og på denne måten kompensere for forandringane i leddbanda.

Firda fysmed er det einaste senteret i Norge som kan tilby diagnostisering og rehabilitering av nakkefunksjon etter nakkeskade i standardisert testutstyr, som er vitskapleg dokumentert.

Vi meiner det er svært viktig at all manuell behandling kjem til rett tid, med rett val av teknikk. Over tid har ein registrert overdimensjonerte tiltak, ofte til feil tid m.h.t. manipulasjonar, uttalte blautdelsteknikkar og feilslegne treningsmodellar. Desse behandlings- og treningsteknikkane kan då ofte være mer til skade enn gagn.

Trening i MCU, manuell behandling og treningstiltak krev individuell oppfølging. Det betyr at ein terapeut må følgje deg hele tida for å sørge for best mogeleg gjennomføring av tiltaka. Individuell oppfølging er absolutt å foretrekke, samanlikna med det å bli sette sammen i grupper, der ein i større grad må fokusere på ei gruppetilnærming i trenings- og behandlingstiltak.

Innhald i rehabiliteringa

  • Manuell terapi/fysioterapi
  • Rehabilitering i Multi Cervical Rehabilitation System
  • Individuelt tilrettelagd rehabiliteringsopplegg av fysioterapeut/manuell terapeut.
  • Individuelt utforma treningsprogram.
  • Stabilitet under aktiv funksjon
  • Traksjon
  • Mobilitet og tøying
  • TENS-behandling/laser/kortbølge, fokusert trykkbølge
  • Individuelt oppfølgd rehabilitering av fysioterapeut/manuell terapeut/treningsinstruktør. Det er heile tida ein instruktør tilstades.
  • Informasjon, oppfølging pr. telefon mellom rehabiliteringsperiodar.

Modular i rehabiliteringa

Manuellterapi/fysioterapi

Bertel Rune Kaale undersøker sittande pasientPasient får nakkemassasje på benk

God leddstilling med tilstrekkeleg leddstabilitet er avgjerande for godt resultat.

All test og trening bør skje i vektbærande leddstilling.

Kunnskap, erfaring og høg grad av presisjon er viktig!

Spesialisert nakketrening i Multicervical Unit

Bertel Rune Kaale saman med pasient i MCUBertel Rune Kaale saman med pasient i MCU
Firda fysikalsk-medisinsk senter har sidan september 2007 hatt to MCU-maskiner. Siste modell er i betydeleg grad blitt betra i forhold til diagnostisering av nakkefunksjon, samanlikna med vår første maskin som vi fekk i 2001.

Begge våre MCU maskiner likeverdige i sine kvalitetar m.h.t. effekt ved rehabilitering.

Individuelt utforma treningsprogram.

Personleg trenar underviser pasientPersonleg trenar underviser pasient

Vi testar deg i mange ulike posisjonar tilpassa deg og dine vanskar.

Resultata er med å danne grunnlaget for treningsprogrammet ditt, utforma spesielt for dine behov.

Stabilitet under aktiv funksjon

Personleg trenar underviser pasientPersonleg trenar underviser pasient

Utprøving av aktiv funksjon.

Vi legg stor vekt på stabilitet i rygg og nakke under ulike belastningstilhøve.

Traksjon

Personleg trenar justerer trasksjon for pasientPersonleg trenar justerer trasksjon for pasient

Lavdose stimulering av nakken under lett traksjon er for mange ein viktig rehabiliteringsmodul i forhold til aktiv funksjon med stabilitet.

Kondisjonstesting og trening

Personleg trenar saman med pasient på trappemaskinPersonleg trenar saman med pasient på ellipse-maskin

God kondisjon er viktig for:

  • Energi, overskot
  • Vevsregenerasjon
  • Arbeids- og funksjonsnivå
  • Utholdenheit

Vi har ulike test-metodar for kondisjon som er tilpassa ditt funksjonsnivå.

Test av kondisjon er noko viktig og positivt, og er eit verktøy for vidare eigentrening.

Mobilitet og tøying

Personleg trenar hjelper pasient med tøyingsøvelsePasient tøyer ut i badstova

Test og trening av leddmobilitet og tøying av muskulatur. God leddmobilitet – god muskelfunksjon.

Badstu med tøyingar og lausgjerande øvingar er ein god kombinasjon. I god varme føler mange at tøyingar og rørsletrening går lettare!

TENS-behandling/laser/kortbølge

Pasient får TENS-behandling i stol på kvilerommetBertel Rune Kaale gjev pasient laser-behandling

Treningsøkta avsluttast ofte med TENS-behandling (elektrisk nervestimulering) på kvilerommet.

Laser- og kortbølgebehandling benyttar vi når det trengs.

Ønskjer du å komme til vårt senter for rehabilitering?

Ønskjer du rehabilitering ved vårt senter må vi først stille ei nøyaktig funksjonsdiagnose. Sjå diagnostisering.

Ønskjer du rehabilitering etter klinisk undersøking av nakke, må du sjølv bestille dette. Du blir ikkje automatisk kalla inn for rehabilitering. Det er ikkje nødvendig med henvisning for rehabilitering. Så snart du har resultatet og eventuelt har bestemt deg for å nytte deg av vårt rehabiliteringstilbod – ta raskt kontakt – pr no. er det ca. 6 måneders ventetid for å komme i gang.

Etter undersøking hos oss, vil vi anbefale ein modell for rehabilitering som passar deg:

Modell 1

2 veker a 4 behandlings dagar. Det er oftast behov for 4 - 8 slike 2-vekers økter. Kvar behandlingsdag består av 2 rehabiliteringsrundar, a 90 minutt.

Modell 2

Meir individuelt tilpassa frekvens, med 1 - 3 dagar i veka, 1 - 2 økter pr. dag, 4 - 12 veker.

Praktisk informasjon

  1. Ta kontakt med oss dersom du ønskjer rehabilitering.
  2. Etter nokre veker får du tilsendt timeoppsett for rehabilitering. Du vil etter kvart også få tilsendt tider for trening i sal med treningsveileder.
  3. Du må sjølv bestille deg overnatting til oppholdet. Dette bestiller du med private utleigarar eller hotell. Sjå overnattingstilbod.
  4. Det er naudsynt med sjukmelding i rehabiliteringsfasen. Dette må du snakke med legen din om, etter at du har motteke timar for rehabilitering.
  5. Er det periodar du ikkje kan kome til Firda fysmed, ver venleg og informér om dette på førehand.
  6. Ta med ull-trøye å trene i. Det vekslar mellom trenings-økter i sal, behandling hos terapeut og kvilepausar. (TNS i kvilepausen)

  7. Ta med badedrakt eller shorts, då det blir nytta badstu i behandlinga.

  8. Ta med joggesko til innebruk og høvelege treningskle.

Det er Bertel Rune Kaale og personleg trenar Inge Eikenes du samarbeider med når du er hos oss i rehabilitering.

Firda fysikalsk-medisinsk senter - Organisasjonsnummer: 981 524 624

Postadresse: Postboks 194, 6821 Sandane - Besøksadresse: Krånavegen 9, 6823 Sandane